Jul på Bømlo - Heidi Lambach & Roger Stangervåg m/Bømlo kormix

Om arrangementet

Velkomen til ein stemningsfull heilaften i foajeen i Bømlo kulturhus!

Jul på Bømlo byr på kjende og kjære julesongar som set deg i den rette julestemninga – ein kveld du kan dela med familie, vener og gode naboar i intime og vakre omgjevnader.
 
I år får vi òg gleda av å ha Bømlo Kormix med som ein viktig del av kvelden! Det flotte koret, med nærmare 30 songarar, løftar fram både varme og mektige augneblink saman med musikarane – og bidreg sterkt til den heilt spesielle førjulsstemninga som gjer Jul på Bømlo så unik.
 
I fleire år har Heidi Lambach og Roger Stangervåg halde julekonsertar i Bergen til stor glede for publikum. 
No tek dei tradisjonen med seg heim til Bømlo. 
 
Heidi har ei vakker stemme som gjev deg nærleik til det jula verkeleg handlar om – ro, refleksjon og fellesskap. 
Ho har gjeve ut eigne julesongar som "Nokon englar" og "Jul utan deg", i tillegg til flotte tolkingar av fleire andre kjende julesongar.
 
Roger bidreg med si eiga tolking av den kjære julesongen "Det lyser i stille grender", i tillegg til fleire andre fengande innslag. 
Denne kvelden får publikum òg høyra ein heilt ny julesong, "Everybody’s Heart", skriven av Roger og Heidi, framført som ein duett. 
Saman med resten av bandet skaper dei ei konsertoppleving full av varme, humor og glede.
 
Denne kvelden medverkar:
  • Frode Kvandal – bass
  • Oddgeir Røssland – gitar
  • Jan Arthur Kalsaas – trommer
  • Maria Giberg Spikkeland – tangentar
 
For mange er musikarane denne kvelden velkjende namn, men vi vil spesielt introdusera dykk for Maria Giberg Spikkeland. 
Ho er ein allsidig musikar og låtskrivar frå Bergen, utdanna både innan klassisk musikk og populærmusikk, mellom anna ved Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA). Under artistnamnet MIRIEL har ho gjeve ut eigen musikk som kombinerer atmosfæriske poputtrykk med klassiske klangar. 
Ho er kjend som ein formidlar med stort nærvær ved tangentane, og på Jul på Bømlo bind ho konsertopplevinga saman med varme og stemningsfulle tonar.
 
Scena blir lyssett av Ivar Birkeland, som sørgjer for ei atmosfærisk ramme rundt kvelden.
 
Kulturhuskaféen held opent med servering av forfriskingar og lett mat utover kvelden. Som ei varm velkomst får alle servert julegløgg på huset – med dufta av jul som vekkjer minne og set tonen for ein koseleg kveld.
 
Vi ønskjer å skapa ein møteplass der folk kan samlast, prata og vera saman rett før høgtida. Mange som har vore borte frå familien gjennom året får endeleg tid til å møtast att – og vi håpar Jul på Bømlo kan bli eit samlingspunkt i den travle førjulstida.
 
Dato: Laurdag 20. desember
Konsertstart: 20.00
Stad: Foajeen, Bømlo kulturhus
Billettpris: 300,-
Aldersgrense: 18 år
 
På vegner av Bømlo kulturhus og konseptet "Jul på Bømlo" ønskjer vi alle hjarteleg velkomen til ei uforgløymeleg julekonsert!