24 LUKER med musikalske juleminner frå tv

Om arrangementet

Velkommen til 24 LUKER, årets juleframsyning frå Bømlo Teater! Bli med på ei nostalgisk ferd gjennom julemusikk frå kjende julekalendrar og julefilmar. Her får publikum gjenhøyr med songar som skaper julestemning år etter år og som har vorte ein del av vår felles juletradisjon.


På scena vil du sjå born og vaksne, live-band, song, dans og visuelle innslag som smeltar saman til ei førjulsoppleving for heile familien.

Med mange kjende fjes, solide musikalske prestasjonar og ei god dose førjulsnostalgi, ligg alt til rette for å skape minner på tvers av generasjonar.

 
Anten du er liten eller stor, er 24 LUKER den perfekte starten på julehøgtida.


Ta med familie og vener, og bli med når me opnar lukene til ei juleoppleving fylt med musikk, varme og julestemning!