Julerosekveld med Herborg Kråkevik og gjestar

Om arrangementet

Herborg Kråkevik inviterar til stemningsfull Julerosekveld med Nina Lykke og Julerosetrioen - Mathias Eick, Helge Lilletvedt og Johannes Eick!

Herborg Kråkevik tek i år med seg musikken og suksesskonseptet Juleroser til nokre utvalde scener rundt om i landet. På turneen har ho med seg forfattaren Nina Lykke, trompetvirtuos Mathias Eick, pianist Helge Lilletvedt og bassist Johannes Eick. I tillegg til ny og tradisjonell julemusikk, vil desse eminente formidlerane gje publikum fortelljingar, dikt og humoristiske høydepunkt frå Juleroser-heftene. Det blir adventstemning, julelatter- og tristesser, klassiske julefortelljinger og heilt rykande ferske tekstar om kverandre. 

Dei siste åra har juleheftet Juleroser med redaktør Herborg Kråkevik blitt ein kjær del av julestemninga i hus og heim rundt om i landet. Julen 2020 kom albumet Juleroser med heilt nye julesongar signert mellom andre Aurora Aksnes, Odd Nordstoga og Anne Grete Preus, innspilt av Herborg og Bergens Filharmoniske Orkester. På albumet medvirkar også Bjørn Eidsvåg, Fargespill, Trygve Skaug, Marianne Pentha, AURORA og Mathias Eick

I 2021 kom albumet «Barnas Juleroser» med julesongar og fortelljingar som har stått på trykk i juleheftet med same namn som Herborg er redaktør for. På albumet opptrer Herborg sammen med Julerosekvintetten, Bolteløkka Jentekor, Bislett Guttekor og Kåre Conradi. Julerosekveld består av songar frå begge album.

– Dette skal bli ei juleforestilling som snakkar til alle krinkar og krokar av julehjarte vårt! Jul er følsomme greier, og litt kunst gjer alltid godt, om det no er musikk, litteratur eller biletkunst. Eg håpar de vil koma og oppleva Juleroser frå scenen. Me skal gjera alt me kan for å underhalda og røra dykk og forhåpentlig gje alle litt fred i førjulsinnet, sier Herborg.