FEIR DEN STORE DAGEN PÅ KINO!🎈

Bursdagen er ikkje ein kva som helst dag. Det er ein viktig dag som er super å feira saman med venner på kino! 
Vi garanterer ein spennande oppleving for både bursdagsbarn og venner. 

Du kan feire kinobursdag frå onsdag til laurdag på Bømlo kino.

Kinobursdag passar aller best for aldersgruppa 5 til 13 år.

Kinoprogrammet for kvar veke blir publisert på måndagar. Tek du kontakt før, kan me tilpassa kinoprogrammet og film så godt det lèt seg gjera.
Det er lurt å bestilla i god tid, slik at du er sikra at nettopp din dato er ledig. 

Bursdagspakke: 

  • Kinobillett
  • Pizza (Frå Pizzabakeren - Vel mellom Kjøttdeig, skinke eller pepperoni)
  • Popcorn
  • Valfri drikke (brus/vatn)
  • Godtepose

Pris kr. 269,- pr. barn

Tillegg: 

  • Brownie / sjokoladekake: 40 ,- per barn.

Bursdagsbarnet får òg ei overrasking frå oss på kinoen🎁


Praktisk informasjon:
Vi dekker bordet med mat, drikke, godteri og popcorn i Kulturhuskaféen.
Selskapet startar her 45 min før filmen.
Merk at du må betale for minimum 8 personar. Vi har plass til 20 barn!
Det er betre at du bestiller til ein for mykje enn ein for lite!


Foreldrevakt: 
Minst ein vaksen må være med inn i salen under filmen. 1 -2 vaksenbillettar er inkludert i bursdagspakken. Dersom fleire vaksne vil vere med inn i kinosalen, betalar dei ordinær billettpris.
Oppgåva til foreldre i salen er å ta ansvar for barna under visningen på kinobursdagen. Foreldra treng ikkje sitja saman med barna, men må vera i salen.
Dette for at vertskapet vårt skal føle seg trygg på at alle får ein fin oppleving på kino. Merk at kinobursdag ikkje er ei privat visning,vi ber difor om at det blir tatt omsyn til andre gjestar på kinoen.


Bestilling: 
Bestill din bursdagfeiring på [email protected]
Bestilling må skje minimum 1 veke før ønska dato. 

Bursdagshelsing med bilete på det store lerretet?
Hugs å senda oss eit bilete av bursdagsbarnet seinast 2 dagar før selskapet, til [email protected] . Då ordnar me bursdagshelsing på det store lerretet før filmen startar!