Kokosbananas - Det Store Showet

Om arrangementet

Bli med barnas favoritt – Kokosbananas – inn i eit univers som feirar fantasien og lesegleda!

På scena står Rolf Magne Golten Andersen, mannen bak barnebokkarakteren som har blitt eit fast innslag hos mange familiar dei siste åra.

Kokosbananas er ein liten oppfinnar som bur saman med Mamma Banana, Pappa Kokos og veslesystera Baby Koko. I oppfinnarskuret sitt lagar han dei villaste oppfinningane, noko som gjerne fører han ut i rare og morosame situasjonar.

Rolf Magne har skrive både lyd- og papirbøkene om Kokosbananas, og er òg den som gir liv til dei karakteristiske stemmene. I dette showet blir publikum inviterte med inn i forteljingar som boblar av leik og rare påfunn. Og så er det vel ikkje eit ekte Kokosbananas-show utan at det dukkar opp ei oppfinning eller to!

Passar for barn frå 3 år og oppover – moro for storesøsken, foreldre og besteforeldre òg!

Varigheit: 45 minutt.

Dørene opnar 30 minutt før framsyninga.

Illustrasjonar: Victoria H. Hamre.
Koreografi: Sofie Øren.