Kraften. Frederikke & Ibsen; musen og dikteren
Billetter
Om arrangementet
I Scenekraft si framsyning «Kraften» er det skodespelaryrket som står i fokus. Med både det historiske blikket og samtidsperspektivet, ser me særskild på kjønnsrollene i kunsten og i samfunnet. Gjennom skodespelar Nina Sele får me eit innblikk i Ibsen si tidlege karriere, der den unge skodespelarinna Frederikke Nielsen frå Tysvær står sentralt. Saman med kollega Håkon Karoliussen diskuterer Sele 1800-tals kollegaen, og spelar utdrag frå fleire av hennar roller, mellom anna sentrale skikkelsar frå Ibsen. Dei diskutera den fasinerande Nielsen utifrå hennar samtid, val ho tok gjennom livet, si karriere, og kva hennar drivkraft kunne ha vore. Etter kvart går Nina Sele over i å samanlikne Frederikke med seg sjølv, med sitt eige blikk på samtida.
«Kraften» vert spela av Nina Sele og Håkon Karoliussen, manus og regi er ved Elsa Aanensen.
«Kraften» er støtta av Rogaland fylkeskommune, Stiftelsen Fritt Ord, Fond for utøvende kunstnere og Fond for frilansere, og gjennomførast i samarbeid med Tysværtunet kulturhus.
Scenekraft mottek driftsstønad frå Haugesund kommune og Haugesund Sparebank.
Varigheit: ca. 60 min