Billettkjøpsinfo

Billettkjøp i kulturhuset 
Billettsalet er ope i resepsjonen ein time før framsyning.

Billettkjøp her på nettsida
Her på bomlokulturhus.no kan du enkelt og sikkert kjøpa billettar, berre trykk på "Kjøp"-knappen på framsyninga. Du får då ein billett på e-post. Du treng ikkje skriva ut billetten dersom du kan syna e-posten frå mobiltelefonen din når du kjem til kulturhuset. PS – me anbefaler å oppretta profil og logga inn når du kjøper billettar. 

Har du kjøpt billett på nett? – Trykk her for å sjekka om billettkjøpet er gjennomført.

Billettkjøp med app på telefonen
Appen eBillett er kanskje den aller raskaste og lettaste måten å finna og kjøpa billettar. Last ned eBillett for iPhone eller Android.

Fristar ved reservering av billettar
Reserverte billettar til kulturarrangement må kjøpast innan sju dagar. Det er ikkje mogleg å reservera billettar på telefon eller kjøpa billettar på internett når det berre er ein time att til framsyninga. 

Reservera til rullestol eller følgjeprov
Slike billettar kan kjøpast i kiosken, eller ta kontakt med oss på tlf. 53423500 eller e-post post@bomlokulturhus.no.

Refusjon av billettar

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Dette gjeld både ved kjøp på internett og kjøp direkte i kiosken. Det er ingen angrerett på billettkjøp i høve angrerettlova § 19. Dersom du ynskjer å byta billetten din til ei anna framsyning kan me i dei fleste tilfelle hjelpa deg med det. Ved avlyste arrangement vil du få attende verdien på billetten, eller få billett til ei anna framsyning. 

_
_
_