Kulturhuskaféen er open

Om arrangementet

Me vil ynskja deg velkommen til show med Klypa. 
(for billettar og meir info, klikk her)

I den anledning vert kulturhuskaféen open. Her vil me servera noko godt i glaset, samt du kan kjøpe vafler, is, rykande varm kultur-rull m/ost eller potet, pizza, samt eit utval av søte og gode bakverk. Middagen må du ta heime, men kaféen held ope både før og etter show.

Info for kvelden:
Me tilrår at du kjem i god tid om du kan, slik finn du lettare parkeringsplass og det beste bordet i kaféen.
Opningstid kulturhuskafé: 18:00 - 00:00. 
Ingen bordreservasjon.
Mat og drikke må denne kvelden nytast i kafé og foajé og kan ikkje takast med inn i salen. 
I kiosken vår kan du kjøpe det du måtte ynskje av mineralvatn, sjokolade og snacks.

Me ynskjer deg ein minnerik kveld i Bømlo kulturhus.

Er du eit firma eller ei gruppe?
Visste du at du kan booke eit avskjerma område eller spesialtilpassa matservering? Ta gjerne kontakt med oss på [email protected], så kan me skreddarsy eit tilbod til deg.