Bømlo kulturskule

Bømlo kulturskule held til i flotte lokaler i Bømlo kulturhus. Med eigne øvingsrom for instrumentalopplæring, kunstrom, dansesal og blackbox-teater ligg tilhøva godt til rette for undervisninga. Kulturskulen har totalt om lag 500 elevar.

Bømlo kulturskule har ei rekkje tilbod innan musikk, dans, teater og biletkunst. Me har også tilbod i tilrettelagt undervisning i musikk og biletkunst samt kunstterapi. Det vert gitt instrumentalopplæring på følgjande instrument: Piano, tangentinstrument, ulike gitarar, strykeinstrument og blåseinstrument. 

Meir info finn du på kommunen sine heimesider

Rektor
Stein Høyland

Telefon: 928 65 283
E-post: [email protected]
Kontortid: måndag, torsdag og fredag