KVARTFINALEN NORGE - ENGLAND PÅ STORSKJERM- Gratis familiearrangement!

Om arrangementet

FOLKEFEST PÅ BØMLO KULTURHUS! Gratis familiearrangement – VM-kvartfinale på storskjerm

Det er klart for den største kampen så langt i Fotball-VM! Norge møter England i kvartfinalen, og me inviterer små og store til ei uforgløymeleg VM-kveld i Storsalen på Bømlo kulturhus.

Gratis inngang – alle er hjarteleg velkomne!

Dørene opnar kl. 22.00
Kampstart kl. 23.00

Dette blir eit alkoholfritt familiearrangement der alle kan vere med og oppleve den fantastiske stemninga saman. Ta med familie, vener, naboar – eller kom som du er.

Me har tromme. Me skal ro. Me skal ropa. Me skal syngja. Me skal heia fram Norge med alt me har.

Kinokiosken er open gjennom heile kvelden med snacks og drikke.

No fyller me Storsalen med raudt, kvitt og blått, jubel, gåsehud og ekte VM-stemning.

Éin kamp. Éin draum. Éitt lag.

HEIA NORGE!