Linda Eide - Fosse for dumskallar

Om arrangementet

Linda Eide losar deg gjennom livet til verdas første nobelprisvinnar som har nynorsk som hovudmål!

Velkomen til noko såpass sjeldant som ein lys og lett Fosseforestilling. Fosse for dumskallar er forteljingar, analysar og anekdotar om det største fenomenet som nokonsinne har kome frå Hardanger. Kven er han, kva skriv han, korleis skriv han, og kva var det eigentleg som skjedde då mannen som aldri skulle skriva for teater, over natta vart ein verdsberømt dramatikar? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Og ikkje minst: Er Fosse så forbanna utilgjengeleg som folk skal ha det til?

Dette er dumskallens inngangbillett til Fosseriket. Og jamvel den vidarekomne kan henta med seg nokre nyttige studiepoeng.

Linda fortel: Fosse for dumskallar vart tinga av Det Norsk Teatret til Fosse-festivalen 2021. Det har vore skikkeleg artig å framføra dette før Nobelprisen, og det er ikkje mindre kjekt no. Folk er definitivt sugen på meir kunnskap og fønnfakta om fenomenet Jon Fosse.

Tekst og framføring, Linda Eide

Musikalsk og verbal bækking, Sjur Hjeltnes

Framsyninga er eit samarbeid mellom Falturiltu - Nynorsk barnebokfestival og Bømlo folkebibliotek.