Linda Eide: Språksjov

Om arrangementet

Me kjenner ho frå tv-programmet Eides språksjov.
No går Linda Eide laiv og dreg landet rundt med språklege underfundigheiter i sekken. Med seg på scenen har ho pianist Sjur Hjeltnes og seniorkonsulent Halvor Folgerø, som begge sørger for musikalsk og verbal bækking. Kvar ny stad dukkar det også opp ein lokal gjest, som trioen har invitert. Denne gjesten er Geir Ersland. Velkomen til ein kveld med infotainment for alle penga, når denne gjengen i kjent stil hyller og herjar med det mest fascinerande og sprøe som finst i denne verda–språket!

Linda Eide Sjovleiar med blokkfløyte og wind synth

Sjur Hjeltnes Pianist med utdanning og innsikt

Halvor Folgerø Seniorkonsulent med fagott & bass

Lokal gjest: Geir Ersland


_____________________

KULTURHUSKAFÉEN held ope frå kl 18:00 denne kvelden og etter show. 
Open bar og noko å bite i. 

_____________________