Sommarkavalkade Bømlo kulturskule
Billetter
Om arrangementet
Sommerkavalkade med Bømlo kulturskule
Velkomen til sommarkavalkade med elevane ved Bømlo kulturskule!
Gjennom året har elevane jobba med musikk, dans, teater og andre kreative uttrykk. No får dei stå på scena og vise fram noko av det dei har lært.
Her blir det eit variert program med både små og store innslag. Nokon står på scena for første gong, medan andre har meir erfaring. Felles for alle er gleda over å skape og dele med publikum.
Ta med familie og vener og bli med på ei fin avslutning på kulturskuleåret.
