Magiske Melkevik - Frå kommunesenter til turistmagnet (2D, Norsk tale)
Om filmen
Tittel: Magiske Melkevik - Frå kommunesenter til turistmagnet (2D, Norsk tale)
Premiere: 2026-04-23
Varighet: 1t 16min
Sjanger: Dokumentar
Aldersgrense: Alle
Originalspråk: Norsk
Regissør: Kurt Inge Larsen
Nypremiere på Kurt Inge Larsen sin historisk dokumentarfilm frå ein unik plass på Bømlo. Det er 10 år sidan filmen vart vist for fyrste gong, og no kan du sjå den igjen med nytt materiale frå dei siste 10 åra og den rivande utivklinga som skjer i Melkevik.
Her var butikk, bakeri, snekkerverkstad og båtekspedisjon. Kommunestyremøta vart haldne her i perioden 1896 til 1916, og legeordninga på Bømlo var sentrert her frå 1909 og heilt fram til rundt 1980. Dette er historien til garden frå 1778 og fram til i dag. Folka som har budd her, og korleis garden vart eit midtpunkt når den første kanalen var ferdig i 1856. Både denne hendinga og utvidinga av kanalen frå 1927 til 1935 er dokumentert, politisk skifte, krigshistorie og mykje meir. Ni personer er intervjua, og det er samla ei mengde foto, filmklipp og autentiske dokument. Litt av historien er også dramatisert med bl.a Nina Sele og personer frå Bømlo Revylag i rollene. Dette er ein film som gjeld deg og meg, og dei me kjenner. Dette er vår eiga lokale historie. "Melkevik Gard på Bømlo" - Frå kommunesenter til turistmagnet hadde fyrste gong kinopremiere i Bømlo kulturhus 23. april 2016. No 10 år etter, inviterer Kurt Inge Larsen og Bømlo kino til nypremiere der du også får innblikk i utviklinga som har skjedd dei siste 10 åra i gjestehamna. Velkommen til premiere!
