Morild: The Real Thing

Om arrangementet

Endeleg kan Morild presentere heftig hammondorgel av ypperste klasse når me tek i mot «The Real Thing».

Sidan dei starta i 1992 har The Real Thing spela meir enn 1700 konsertar og dei har seld over 55 000 plater med hardtsvingande og orgelbasert souljazz. Musikken er inspirert av legender som Jimmy Smith, Jack McDuff, George Benson og Wes Montgomery. No kjem endeleg denne kvartetten til Bømlo.
Bandet som «aldri går av scena i tørr smoking» har opparbeida seg en solid fanskare også utanfor det tradisjonelle jazzpublikummet.

Organisten Palle Wagnberg, gitaristen Staffan William-Olsson, saksofonisten Dave Edge og trommeslageren Hermund Nygård gler seg til å fyre opp hammondorgelet, rette på sløyfa og gyve laus på gamalt og nytt repertoar. Her blir det musikk for ein kvar smak.