Moster-seminaret/Ung

Om arrangementet

Etter to år med nedstenging, pandemi, og no ny krig mellom Russland og Ukraina, ønskjer Bømlo ungdomsråd i samarbeid med Moster 2024 AS å setje lys på kor viktig det er å prate om vår psykiske helse. Vi inviterer difor ungdom og vaksne til å bli med på foredrag og panelsamtale med flinke influensarar og foredragshaldarar på Bømlo Kulturhus 13. juni, klokka 18.00. Her vil du møte Helsesista Tale Maria Krohn Engvik, Benjamin Silseth og Svein Olav Langåker, i tillegg til verksemdleiar for barne- og familietenesta i Bømlo kommune, Linda Hellen, representantar frå Redd Barna sin ungdomsorganisasjon Press, og Rådet for psykisk helse. Ungdomsseminaret varar i 3 timar inkludert pause. Det vil også vere innslag av underhaldning frå lokale talent.

Svein Olav Langåker er redaktør for Framtida Junior og dagleg leiar for Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Han var inntil nyleg redaktør for nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no. Han bur på Stord, og er far til to ungdommar på 14 og 18 år. Svein Olav skal halde i trådane på dette ungdomsseminaret og vere ordstyrar for panelsamtalen saman med representantar frå ungdomsrådet til Bømlo kommune.

Tale Maria Krohn Engvik hadde vore helsesøster i Oslo kommune i fem år, da ho på tampen av 2016 opna snapchatkontoen «Helsesista». Ho har no over 200 000 abonnentar på snapkanalen sin, og med ein dundrande miks av seriøs kunnskap, humor og personlegdom, spreier ho Helsesista sitt bodskap. I år kom ho også ut med boka «Våg å være voksen» som kan hjelpe vaksne å forstå ungdommen sin mentalitet betre. I dette seminaret vil Tale halde eit foredrag om tema mange unge kontaktar ho for. Tankar og kjensler rundt seg sjølv og andre. Det handlar om kropp, presentasjonar, status og når alt berre blir kaos. Det handlar om den ein vel å vere i møte med andre menneske. Tale ønskjer å inspirere, få publikum til å tenkje, våge å vere, og våge å be om hjelp. Tale er blitt tildelt 12 prisar for sitt arbeid som Helsesista. Blant dei er Redd Barnas Rettighetspris i 2017 og Tabuprisen 2018.

Benjamin Silseth, psykolog og kjent tv- og podcast profil, har ein draum om at alle skal få ein fastpsykolog, på same vis som fastlege. Benjamin engasjerer seg spesielt i psykisk helse hos barn og unge, og ønskjer meir fokus på openheit, mestring og grensesetting. Han pratar mye om betydinga av skeive sine rettigheiter, mangfald og om synleggjering. Han driv også med funksjonell familieterapi, og har samtaler kor både ungdom og foreldre deltar. I dette foredraget vil han leggje vekt på korleis ungdommen kan bli høyrt og forstått av foreldra sine. Han vil prate om vår fridom som individ, og korleis ein kan få meir forståing av seg sjølv og andre.