Vil du bli del av Bømlo kulturhus sitt vertskap?

Bømlo kulturhus har over 80 000 besøkande i løpet av eit år, detter er kinopublikum, kulturskuleborn, artistar, arrangørar, kafégjester, scenepublikum, konferansegjester og mange fleire. I 2020 vert også bibliotekspublikummet del av Bømlo kulturhus og vertskapsoppgåvene.

 

Bømlo kulturhus har ledig stilling kveld/helg som kulturhusvertskap

Som kulturhusvert har du hovudansvar for å yte god service gjennom sal av billettar og kioskvarer, halde salar og publikumsområde reine, oppdatere publikum om kva som skjer i sosiale media, vere med å lage meiroppleving rundt film- og scenearrangement, sikre tryggleik for publikum og det som må til for å løfte opplevinga i Bømlo kulturhus.

Me ser etter deg som er engasjert, sosial og utadvent, som likar å yte best mogeleg kundeservice og møte publikum, kollegaer og artistar med eit smil.

Du må vere nysgjerrig på kunst og kultur og like å snakke med andre om det. Dette krev gode skriftlege og munnlege framføringsevner, samt kjennskap til bruk og trendar innan sosiale media.

Du må synast det er spennande å skape aktivitetar og utstillingar rundt filmpremierar og arrangement, like å jobbe sjølvstendig og kome med eigne initiativ. For den rette kandidaten er det gode utviklingsmogelegheitar.

Du må like å ha det reint og ryddig rundt deg, tenke publikum fyrst og å tenke tryggleik. Reinhald er del av vertskapsoppgåva.

Du må vere ein god lagspelar, fleksibel på oppgåver og gjere det som trengst for å komme i mål.

Vertskapet har uniform.


Stillinga er fast annakvar helg torsdag, fredag og søndag samt andre dagar styrt av kulturkalenderen.

Stillinga er ledig frå 1. september, opplæring vil skje frå 29. august.

Søknadsfrist onsdag 14. august

Søknad skal leverast på e-post til hanne@bomlokulturhus.no

Merk søknad: Kulturhusvert 2019

 

_
_
_