Oddgeir Bruaset - Vegen som vart min

Om arrangementet

Torsdag 29. oktober kl. 19.00 er biblioteket så heldige å få besøk av Oddgeir Bruaset, mannen bak «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». 

Kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? I boka «Vegen som vart min» fortel Bruaset om oppveksten i Romsdal, om hardt arbeid og enkle kår, om den underlege vegen til NRK og om valet mellom kateter og mikrofon.

Vi får eit gjensyn med små og store hendingar frå eit langt journalistliv. Bruaset har jobba med alt frå å dekkje nyhende og tragediar, til å lage program om storslegen natur, dronning Sonja og Erik Bye. Boka er også ei forteljing om motkultur og livet i utkanten.

Bruaset har i over førti år samla folket framfor TV-skjermen og radioen. Han er mannen bak den folkekjære serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" og har rørt og engasjert med nære skildringar av levd liv.

Mot slutten av kvelden kan ein få kjøpt signerte bøker av Bruaset. 

Arrangementet er gratis, men ein ta ut billett her eller i skranken.

Velkommen til forfattarbesøk i biblioteket!