Ta gjerne kontakt!

Tlf. 53423500 | [email protected] | Kulturhusvegen 20, 5430 Bremnes

 

Billettar

Billettkjøp i kulturhuset 
Billettsalet er ope i kiosken ein time før framsyning.

Billettkjøp her på nettsida
Her på bomlokulturhus.no kan du enkelt og sikkert kjøpa billettar, berre trykk på "Kjøp"-knappen på framsyninga. Du får då ein billett på e-post. Du treng ikkje skriva ut billetten dersom du kan syna e-posten frå mobiltelefonen din når du kjem til kulturhuset. PS – me anbefaler å oppretta profil og logga inn når du kjøper billettar. 

Har du kjøpt billett på nett? – Trykk her for å sjekka om billettkjøpet er gjennomført.

Billettkjøp med app på telefonen
Appen eBillett er kanskje den aller raskaste og lettaste måten å finna og kjøpa billettar. Last ned eBillett for iPhone eller Android.

Fristar ved reservering av billettar
Reserverte billettar til kulturarrangement må kjøpast innan sju dagar. Det er ikkje mogleg å reservera billettar på telefon eller kjøpa billettar på internett når det berre er ein time att til framsyninga. 

Reservera til rullestol eller følgjeprov
Slike billettar kan kjøpast i kiosken, eller ta kontakt med oss på tlf. 53423500 eller e-post [email protected].

Refusjon av billettar

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Dette gjeld både ved kjøp på internett og kjøp direkte i kiosken. Det er ingen angrerett på billettkjøp i høve angrerettlova § 19. Dersom du ynskjer å byta billetten din til ei anna framsyning kan me i dei fleste tilfelle hjelpa deg med det. Ved avlyste arrangement vil du få attende verdien på billetten, eller få billett til ei anna framsyning. 

 

Aldersgrenser på kino

Frå 1. juli 2015 innførte Medietilsynet nye aldersgrenser. Trykk her for meir informasjon om aldersgrensene

 

Om huset

I hovudetasjen i kulturhuset finn du administrasjonen for kulturhuset og kulturskulen, Storsalen med 353 sitjeplassar i amfi og Litlesalen med 100 sitjeplassar i amfi. Dette er knytt saman av ein foajé på nær 300 rutemeter som vert nytta til servering, utstillingar, konsertar, møter osb. 

I underetasjen finn du kulturskulen sine øvingsrom, dansesal, blackbox, Kulturskulesalen på 120 rutemeter, kjøken, møterom, artistgarderobar, teaterverkstad, toalett og 200 rutemeter disponibelt areal for publikum.

Huset inneheld heis, og er elles tilpassa rullestolbrukarar på alle plan.


 


Gaffel & Vaffel

er caféen i kulturhuset. Dei ynskjer å legge vekt på lokale råvarer og tradisjonelle rettar, laga mest mogleg frå grunnen. 

Mån:
11:00 - 15:00
Tys–fre:
11:00 - 17:00
Laur:
11:00 - 15:00
Sun:
12:00 - 17:00 

Telefon: 412 51 827

Nettside: www.gaffelogvaffel.no



 


Kulturskulen

har sine øvingsrom og sin administrasjon i kulturhuset.


Telefon: 53 42 33 52

E-post: [email protected]

Nettside: www.bomlokulturskule.no

  


 


Rikstreatret

Me er dessutan så heldige å få Riksteatret sine kvalitetsproduksjonar på jamnleg besøk. Trykk her for å lesa meir om Riksteatret