Sommarutstilling: Syntetiske glimt

Billetter

Om arrangementet

Velkommen til Bømlo kunstlag si sommarutstilling 2024
Utstillinga viser kunstnaren Lidunn Lindø sine arbeider i svart/kvitt, mixed media (to-dimensjonale) og oljemåleri på lerret og plater. 
Tittel på utstillinga er Syntetiske glimt, som viser til ulike material og idear som blandast og dannar nye stoff, både konkret og i overført tyding.

Lidunn Lindø, f. 17.09.61, er utdanna ved kunstakademiet i Bergen og Reykjavik. Ho har atelier i Ytre-Arna atelierfellesskap i Industrihuset. Bur på Nesttun i Bergen.
Hennar kunstfagrelatert arbeidserfaring inkluderer arbeid som biletkunstlærar for ulike grupper. I dag arbeider ho igjen hovudsakleg med eige arbeid på atelieret sitt.
Kunstnaren er medlem av BKFH og NBK.

Som ung budde ho på Bømlo, og var med i oppstarten av Bømlo kunstlag.  Det var også i denne tida at interessa hennar for biletkunst var vaknande. 
«Eg er glad for å få ha denne utstillinga. Naturen på Bømlo har kan hende vore med på å forma meg; denne blandinga av idyll og råskap.» 

Som kunstnar er Lindø oppteken av samtida; natur, kultur, samfunn og endring. Drivkrafta er kunst, eit emne ein kan utforska med stadig nye auge mot verda, og seg sjølv i verda. Arbeidsprosessen vert påverka av den ikkje-verbale kunnskapen og erfaringa. Nokre av bileta har eit konkret utgangspunkt, men målet er eit formalt uttrykk, der fargar og former spelar roller utan innblanding av motiv. Eit nonverbalt uttrykk som leiar til oppleving og ein estetisk reaksjon på verda,- den store så vel som den vesle. 

«Eit bilete er i ein evig kreativ prosess så lenge det blir sett. Det blir skapt av kunstnaren, det blir gjenskapt i betraktaren. Og gjenskapt på ny i ein annan betraktar. Opplevinga er personleg, den spring ut i frå kunnskap, erfaring og personlighet. Som kunstnar legg eg ingen føringar for noko konkret eg ynskjer at betraktaren skal oppleva. Men eg vonar at betraktaren kan gå inn i ei oppleving gjennom sitt eige kreative blikk.»

Bømlo kunstlag er glade for å kunna visa kunsten hennar på sommarutstillinga. 

Opningstider:
Tysdag til torsdag: 10:00 - 16:00
Fredag: 10:00 - 15:00 
Laurdag: 10:00 - 14:00