Radiodagar - ei radioreise
Billetter
Om arrangementet
Tysdag 1. april får biblioteket besøk av Malene Wadel (kjend frå Lykkeland på NRK) og Nils Erik Steinsbø med konsertframsyninga «Radiodagar – ei radioreise». Her vert me tatt tilbake til nokre av radioen sine høgdepunkt, presentert gjennom song, musikk, tekster, dikt og opptak.
1950-tallet var radioen sin gullalder i Noreg. Nyheiter, vêrmelding, underhaldning og sport. Alt vart formidla gjennom radioen. Laurdagskveld med show i store studio, radiokåseri, sundagsposten, radiokrimmen, ønskediktet, morgongymnastikken og barnetimen som var nokre av programma som samla heile familien rundt radioen.
Me følgjer Malene og Nils Erik gjennom ein dag i 1955 – frå morgon til kveld. Malene går inn og ut av ulike roller og Nils Erik er hennar trufaste teknikar som gjenskaper den tid sine radioeffektar og er hennar med-stemme. Publikum vil få eit innblikk i kva som føregjekk "bak scena- inne i radioboksen»! Publikum er hjarteleg velkomne til å synge med.
Varigheit ca. 50 minMed:
Malene Wadel og Nils Erik Steinsbø
Regi/manus: Ragnhild Thoring
Velkommen til framsyning i biblioteket!