Temakveld: Slektsgransking

Om arrangementet

Onsdag 19. mars får me besøk av Tore Mehl som vil halda eit innføringskurs i slektsgransking. Mehl er leiar av Slekt og Data Hordaland og har drive med  slektsgransking i nærmare 25 år. Han vil mellom anna gi ei innføring korleis komme i gang, om namn og namneproblematikk, bruk av Digitalarkivet , Nasjonalbiblioteket og kjelder.

Litt om Slekt og Data:

Slekt og Data Hordaland er ein del av Noregs største organisasjon for slektsinteresserte med meir enn 11.000 medlemmar. Dei held til på Kronstad Hovedgård i Bergen og har møte ein gong i månaden. Dei held slektskafé med ulike tema, og driv med slektshjelp på fleire bibliotek i gamle Hordaland.

Arrangementet er gratis men ein må ta ut billett på bomlokulturhus.no.

Velkommen til ein lærerik kveld i biblioteket.