Panelsamtale - BømlaPride

Om arrangementet

Hat, truslar og tryggleik – det angår oss alle

Som ein del av BømlaPride 2026 inviterer me til ein open og viktig temakveld saman med politiet og BømlaPride, onsdag 3. juni kl. 18.00. Eit ope foredrag og samtale med politiet om hatkriminalitet, tryggleik og trusselbilete i dag.

Kvelden vil innehalde foredrag, informasjon og samtale om: Hatkriminalitet, tryggleik og rettigheiter, pride og utfordringar skeive kan møte i samfunnet og korleis ein kan få hjelp eller melde frå om ein opplever hat, trakassering eller truslar.

Det blir mogleg å stille spørsmål under arrangementet, men ein kan også sende inn spørsmål på førehand dersom ein ønskjer at me tek det opp anonymt.

Målet med kvelden er å spreie kunnskap, skape forståing og bidra til å motverke hat gjennom openheit, dialog og informasjon.

Arrangementet er gratis og ope for alle, og det passar for alle aldrar.

Velkomen til ein viktig og lærerik kveld.