Panelsamtale før BømlaPride

Om arrangementet

I eit samarbeid mellom BømloPride og Bømlo folkebibliotek samlar vi denne kvelden sterke stemmer for å snakka om tema som angår oss alle – tryggheit, hatytringar, retten til å vera seg sjølv, rettigheta vi har og kvifor Pride framleis er viktig

Vi har fått med oss:
Hilde Elisabeth Mathisen Sørvik - Human Etisk Forbund
Andrè Mundal Haukås - Ordfører Sveio Kommune
Oddny Katla - Leiar Storapride
John Henrik Staveland Sæter - SLT koordinator Bømlo kommune
Thor Erik Sortland - Førsteamanuensis v Høgskulen Vestlandet
(Mulig også en aktør til.)

I panelet møter du folk med ulike perspektiv og erfaringar – både personlege og profesjonelle. Det blir ein samtale med rom for både alvor og håp, utfordringar og løysingar.

Arrangementet er ope for alle, og me ønskjer spesielt å invitera deg som er nysgjerrig, engasjert eller berre vil læra meir.

Det blir òg høve til å stilla spørsmål frå publikum under panelsamtalen.

Vel møtt til ein viktig kveld for fellesskap, forståing og endring.

Arrangementet er gratis.

Velkommen!