Parole og plakatverkstad
Billetter
Om arrangementet
Fredag 20. juni inviterer Amnesty Bømlo til ein kreativ og inkluderande paroleverksted i biblioteket før Bømlapride laurdag 21. juni. Her kan du lage din eigen plakat eller parole som du kan ta med i paraden eller laga noko du er stolt av. Me har mange ulike materiale, fargar, papir, papp, maling, glitter og meir.
Det vert lett servering- kaffi, saft og noko å bita i.
Kom som du er, lag noko som betyr noko for deg, og bli med og feir mangfald, kjærleik og rettferd.
Arrangementet er ope og gratis for alle. Ingen påmelding, det er berre å møta opp.
Velkommen!