Personvernerklæring

Innleiing

Bømlo kulturhus er oppteken av at du skal ha tillit til oss og korleis me behandlar dine personopplysningar. I denne personvernerklæringa forklarer me difor kvifor me samlar inn informasjon om deg, korleis me brukar denne informasjonen og korleis me tek hensyn til ditt personvern. 

Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knytast til ein identifiserbar einskildperson. Dette kan til dømes vera namn og kontaktinformasjon, kjøpshistorikk eller informasjon om interesser. 

Bruk av personopplysningar må følgja personopplysningslova. Me, som ansvarlege for handsaminga, vil sørgja for at me brukar personopplysningar om deg i samsvar med lover og reglar.

Kva for personopplysningar har me om deg 

Alt etter kva informasjon du gjev oss, korleis du brukar våre tenester, og kva for løyve du gjev oss, har me desse opplysningene om deg:

  • Opplysningar om deg: Informasjon du oppgjev når du opprettar ein brukarkonto eller tingar billettar, slik som namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse. Du kan velgja å gje oss meir informasjon om deg sjølv, som kjønn og bursdagsdato. 
  • Kjøpsinformasjon: Informasjon me får når du kjøper billettar frå oss, slik som kva du har kjøpt, kortnummer og betalingsmetode (t.d. Visa). Dersom du har brukarkonto hjå oss vil du få oversikt over dine tidlegare kjøp i din brukarkonto. 
  • Kommunikasjon: Informasjon du gjev oss når du har kontakt med oss, som e-postar sendt mellom oss. 
  • Opplysningar om bruk på nettsidene: Informasjon me får når du brukar vår nettside og app, slik som kva slags eining du har (t.d. mobil eller PC), IP-adresse, kva sider du besøkjer og kva funksjonar du brukar der. 
  • Opplysningar frå partnarar: Informasjon me får frå våre samarbeidspartnarar, som Dialog eXe AS, som administrerer billettsystemet vårt. Partnarane gjev oss informasjon om kva teaterframsyningar, konsertar, kinoar og andre framsyningar du har kjøpt billettar til. 
  • Profileringsopplysningar: Informasjon og antakelsar me lagar automatisk basert på dei andre opplysningane (som nemnt ovanfor) me har om deg, slik som dine preferansar og interesser og kva for demografiske grupper du tilhøyrer, med mindre du har motsett deg dette.

Kva brukar me personopplysningene til 

Me brukar personopplysningane dine til følgjande føremål: 

  1. Tilby nettside og app: Me brukar opplysningar for å tilpassa vår nettside og app til det tekniske utstyret du brukar. Me kan også bruka opplysningane til å tilpassa innhaldet på vår nettside og app til kva me trur du er interessert i. 
  2. Gjennomføra billettkjøp: Me brukar opplysningar for å gjennomføra ditt kjøp av billettar, m.a. for å senda deg billettane, motta betaling og lagra kjøpshistorikk. 
  3. Oppretta brukarkonto: Me brukar opplysningar dersom du opprettar brukarkonto, m.a. for å gje deg tilgong med brukarnamn og passord, for å lagra din kontaktinformasjon og betalingsinformasjon, og for at du skal kunna sjå din kjøpshistorikk. 
  4. Kundeservice: Me lagrar opplysningar som du gjev og mottek dersom du har kontakt med oss – for å yta service og administrera ditt kundeforhold.
  5. Statistikk: Me utarbeider statistikk og kartlegg markedstrendar for å forbetra og vidareutvikla våre produkt og tjenester. Så langt det er mogleg gjer me dette med anonyme opplysningar, utan at me veit at informasjonen er knytt spesifikt til deg.
  6. Marknadsføring: Me brukar din kontaktinformasjon (t.d. telefonnummer og e-postadresse) til å senda deg anbefalingar og informasjon om våre framsyningar. Me kan bruka profileringsopplysningar for å gjera anbefalingane og informasjonen mest mogleg relevant for deg, med mindre du har motsett deg dette. Dersom du ønskjer det, vil me også senda deg anbefalingar og informasjon om våre samarbeidspartnarar sine framsyningar. 

Det rettslege grunnlaget for formål 1, 4 og 5 er vår interesse i å kunna tilby, vidareutvikla og marknadsføra våre tenester.

Det rettslege grunnlaget for formål 2, 3 og 4 er for å oppfylla vår kontrakt med deg.

Det rettslege grunnlaget for formål 5 kan også vera ditt samtykke, dersom du har gjeve oss dette. Det kan vera naudsynt for å senda deg marknadsføring dersom du ikkje lenger har brukarkonto hjå oss, eller dersom me sender deg marknadsføring om våre samarbeidspartnarar sine framsyningar.

Kven deler me personopplysningar med

Me deler personopplysninger med selskap som leverer tekniske og administrative tenester til oss, slik som IT-leverandørar. Me har avtalar med desse for å sikra ditt personvern.

Me kan utlevera opplysningar i enkelttilfeller, til dømes til offentlege myndigheiter, ved mistanke om lovbrot.

Dersom du samtykkjer, kan me dela dine personopplysningar med våre samarbeidspartnarar som beskrive i ditt samtykke. Dette kan t.d. vera konsertpromotørar, teaterpromotørar og andre teater og kinoar, slik at dei kan senda deg anbefalingar og informasjon som er relevant for deg, eller slik at dei kan føreta eigne marknadsanalysar og tenesteutvikling.

Me nyttar oss av IT-leverandørar utanfor EØS. Dersom me overfører personopplysningar ut av EØS, vil me syta for å sikra personvernet gjennom kontrakter mellom partane. Du kan be om meir informasjon eller ein kopi av sikkerhetsmekanismane me nyttar for å sikra overføringa av opplysningane.

Me kan elles dela anonymiserte opplysningar med samarbeidspartnarar for m.a. marknadsanalysar og tenesteutvikling.

Kor lenge lagrar me personopplysningar

Me lagrar opplysningar om deg, berre så lenge det er naudsynt for å oppnå formålet dei vart innhenta for, eller dersom me er pålagde å lagra opplysningane. Opplysningane vil slettast eller anonymiserast når dei ikkje lenger er naudsynte for å oppnå formålet. Under er ein oversikt over kor lenge me lagrar dine opplysningar:

Opplysninger om deg: Dersom du har brukarkonto hjå oss, slettar me opplysningane når du seier opp brukarkontoen eller dersom du har vore inaktiv i over 12 månader. Dersom du ikkje har brukarkonto hjå oss, slettar me opplysningane tre månader etter framsyninga fant stad med mindre du bed oss om å lagra opplysningar til neste kjøp.
Kjøpsinformasjon: Dersom du har brukarkonto hjå oss, lagrar me kjøpshistorikken din (oversikt over kva for konsertar, kinoframsyningar, teaterframsyningar osb. du har tinga billettar til) i 12 månader i din brukarprofil. Me slettar kortnummeret ditt tre månader etter at framsyninga fann stad, med mindre du bed oss om å lagra opplysningane til neste kjøp. Me lagrar transaksjonar og betalingsinformasjon i 5 år i samsvar med bokføringslova.
Opplysningar om bruk på nettsidene: Me lagrar informasjon om din bruk av våre nettsider i opptil 6 månader.
Opplysningar frå partnarar: Me lagrar eventuell informasjon frå samarbeidspartnarar så lenge du har ein aktiv brukarkonto hjå oss eller så lenge du har samtykt. Me vil sletta opplysningane dersom du seier opp brukarkontoen eller brukarkontoen har vore inaktiv i 12 månader.
Kommunikasjon: Me lagrar kommunikasjon med våre kundar i tre år, med mindre me treng å lagre det lenger, t.d. i samband med klager eller krav.
Profileringsopplysningar: Dersom du har brukarkonto hjå oss, slettar me opplysningane når du seier opp brukarkontoen eller brukarkontoen har vore inaktiv i over 12 månader. Me vil sletta opplysningane tidlegare dersom du motset deg å verta profilert.

Dine rettar

Du kan ha rett til å be oss å:

  • Gje deg ytterlegare informasjon om korleis me behandlar dine personopplysningar.
  • Gje deg ein kopi av personopplysningar om deg.
  • Oppdatera dine personopplysningar.
  • Sletta opplysningar som me ikkje lenger har grunnlag til å oppbevara.
  • Begrensa eller stoppa behandlinga av dine opplysningar
  • Motsetja deg automatiske, individuelle avgjerder, inkludert profilering.
  • Gje deg opplysningar du har gjeve til oss i eit strukturert, alminneleg anvendt og maskinlesbart format eller, der det er teknisk mogleg, be oss om å overføra desse til ei anna verksemd.
  • Trekkja tilbake eventuelle samtykke du har gjeve oss.

Ver klar over at det finnest avgrensingar i desse rettane. Ta gjerne kontakt med oss derosm du vil ha meir informasjon om dette.

Dersom du meinar at me behandlar personopplysningar i strid med personopplysningslova, har du rett til å klaga til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, vil me gjerne at du kontaktar oss slik at me kan svara på dine spørsmål eller oppklara eventuelle misforståingar.

Cookies

Me nyttar cookies på våre nettsider for å sikra funksjonalitet på nettsida, analysera nettrafikk og sjå kva for område på vår nettstad du har besøkt. 

Endringar i personvernerklæringa

Me vil kunna oppdatera personvernerklæringa frå tid til annan. Du vil få melding om endringar av betydning. Du vil alltid finna siste versjon av vår personvernerklæring på nettsida/appen.

Kontaktinformasjon

Dersom du ønskjer å komma i kontakt med oss, kan du nytta følgjande kontaktinformasjon:

Kontaktperson: Hanne Jacobsen, kulturhusleiar

Telefonnummer: 53 42 35 00

E-postadresse: post@bomlokulturhus.no

Adresse: Kulturhusvegen 20, 5430 Bremnes

 

_
_
_