Kulturhuskaféen er open

Om arrangementet

Me vil ynskja deg velkommen til konsert med Halvdan Sivertsen. 
(for billettar og meir info om konserten, klikk her)

I anledning konserten vert kulturhuskaféen open. Her vil me servera noko godt i glaset, samt du kan kjøpe vafler, is, Kultur-rull m/ost eller potet, samt eit utval av søte og gode bakverk. Middagen må du ta heime, men kaféen held ope både før og etter konsert. Me håpar på ei koseleg sosial ramme rundt konserten.

Info for kvelden:
Me tilrår at du kjem i god tid om du kan, slik finn du lettare parkeringsplass og det beste bordet i kaféen.
Opningstid kulturhuskafé: 18:30 - 00:00.
Ingen bordreservasjon.
Mat og drikke må denne kvelden nytast i kafé og foajè og kan ikkje takast med inn i salen. 
I kiosken vår kan du kjøpe det du måtte ynskje av mineralvatn, sjokolade og snacks.

Me ynskjer deg ein god konsert og velkommen til ein minnerik kveld i Bømlo kulturhus.

Er du eit firma eller ei gruppe?
Visste du at du kan booke eit avskjerma område eller spesialtilpassa matservering? Ta gjerne kontakt med oss på [email protected], så kan me skreddarsy eit tilbod til deg.