Ønskekonsert med Bømlo Janitsjar

Velkommen til Ønskekonsert!

Endeleg er konsertsesongen i gang igjen etter ein pause på snart to år! Nyttårskonserten i 2020 var den siste «eigenproduserte» konserten frå Bømlo janitsjar si side, og det har vore trist og leitt for oss mellom anna å måtte avlyse både haustkonserten i fjor og nyttårskonserten i år.


Men no er me i gang, og kva er vel betre enn å starte opp med ein Ønskekonsert! Me har plukka fram masse fin musikk frå arkivet som publikum har ynskt seg og som me sjølv synest er kjekt å spela. På den måten blir det ein slags ønskekonsert for oss i orkesteret også. Me skal henta solistar, kjende og kjære, og på repertoaret vil det garantert vera musikkstykke som de kjenner igjen. Me nemner berre  mellom anna Bohemian Rhapsody, Les Miserables, Gabriellas song, Vidda, og så marsjar, sjølvsagt.


ME gler oss stort over å vera i gang igjen med korpsøvingane, og ser fram til å ynskje velkommen til fullsett sal fredag 5. november. Hjarteleg velkomne!!  

Billettar til Ønskekonsert med Bømlo Janitsjar

  1. Fre 5. nov kl 21:00 Storsalen Konsert Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_