Babyteater: På havets bunn

Riksteatret inviterer til babyteater midt på dagen.

«På havets bunn» er ei lita perle av ei førestelling for dei aller, aller minste – der borna vert med på ei magisk oppdagingsreise under vatn med musikk, røyrsle og dei vakraste figurane frå havets botn.

Glinsande fiskestimar stryk forbi, medan maneten duvar sakte i straumen. Ein sjenert eremittkreps vågar seg fram frå sin gjøymestad, og kamskjellet vaktar sin løyndom. Og kven veit, kanskje finnest det fleire skattar på havets botn?

Velkomne skal de vera, alle småfolk!


Framsyninga vert spelt på dagtid og er spesiallaga for dei aller minste borna frå 0 til 5 år.

PÅ SCENEN
Thea Elisabeth Skallevold

TEAM
Dokkedesign og scenografi: Håvard Steensen. Kostymedesign: Torill Skallevold. Musikk: Johannes Skyberg. Lysdesign: Oscar Udbye

Produsert av Det Stille Teatret. Støtta av Norsk Kulturråd, Fond For Utøvende Kunstnere og Vestfold Fylkeskommune.


Arrangementet i Bømlo kulturhus er støtta av: 

Bremnes Seashore

Billettar til Babyteater: På havets bunn

  1. Fre 19. okt kl 11:00 110 kr   Storsalen Teater Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_