1

Beautiful Boy

Til deg som er glad i kvalitetsfilm, her er neste film i filmperlerekka!

Beautiful Boy er den sanne historia om korleis familien Sheff taklar at eldste sonen deira er avhengig av narkotika. Filmen er basert på memoarar frå far og journalist David Sheff og sonen hans Nic Sheff. Filmen er rystande og vond, men på same tid full av håp og glede.

Beautiful Boy var nyleg nominert til Golden Globe, og har hausta både 5 og 6 på terningen.

Filmperla er ein ny serie me har laga for deg som er på jakt etter litt annleis film, det kjem fleire filmar i dette programmet utover våren.

_
_
_