deLillos

Legendar i norsk rock – for aller første gong på Bømlo!

Til Bømlo kjem deLillos med eit konsept som er relativt nytt frå den kanten. Dei skriv sjølve: 

Vår siste plateutgivelse «La oss ble fri for all nostalgi» (2017), har et akustisk lydbilde. Dette er første gang vi har brukt et “unplugged” oppsett som et gjennomgående utrykk på en hel produksjon. Siden dette var en flott erfaring for oss, så inspirerte det oss til å gjennomføre noen få konserter iløpet av sommeren, der vi gjorde det samme. Publikum uttrykte stor begeistring for dette og sa de opplevde en spesiell frisk energi, til tross for at elgitaren var pakket ned.
 
Helt siden vi oppstod på åttitallet og frem til idag, har den akustiske gitaren vært flittig brukt som hovedelement i musikken vår. Derfor har det også vært en naturlig konsekvens at Lars Lillo-Stenberg har gjort konserter solo, kun med en akustisk gitar og piano. Nå, med erfaringer fra siste plate og sommerens konserter, er det på tide at hele bandet slenger seg på og gjennomfører dette utrykket på en hel konsertserie. Ikke bare til glede for seg selv og publikum, men også til glede for sangene i seg selv, hvor spesielt tekstene får en annen innramning. Noen vil kanskje hevde at de kommer enda mer til sin rett nettopp da.


deLillos vart starta i Oslo i 1984. Gruppa vert rekna som ei av dei mest markante i norsk musikkliv frå 1980-talet og fram til i dag. Saman med Raga Rockers, DumDum Boys og Jokke & Valentinerne vert deLillos referert til som ei av dei fire store norske rockegruppene. deLillos har i 30 år vore eitt av landets viktigaste pop- og rockband, og dei har jamnleg levert kvalitet både tekstleg, musikalsk og kreativt. Dei har vore kompromisslause i sitt uttrykk og tru sitt univers, samstundes som dei har utfordra det kreative både når det kjem til format og innhald. Bandet har vunne Spellemannprisen to gongar: For «Neste sommer» fekk dei Spellemannprisen 1993 i klassen rock og for «Sent og tidlig» fekk dei Spellemannprisen 1995 i klassen gruppe. Bandet fekk også Gammleng-prisen i klassen pop i 1994. Bandet har i tillegg vore nominert til Spellemannprisen i klassen rock fire ganger: I 1987 for «Før var det morsomt med sne», i 1989 for «Hjernen er alene», i 1997 for «Stakkars» og 2000 for «Kast alle papirene» samt i klassen popgruppe i 2010 for «Hjernen er alene i Operaen». I tillegg har dei vore nominerte til Årets spellemann i 1994, årets låt for «Smak av honning» i 1995 og tidenes norske hit for «Neste sommer» i 2001. Lars Lillo-Stenberg deltok i Hver gang vi møtes i 2014. Same haust gav deLillos ut albumet «Rett og slett livet» til strålande kritikkar. Albumet låg på 1. plass på iTunes og VG albumlista etter utgjevinga. deLillos feira i 2015 30-årsjubileum som plateartist gjennom eit år med konsertar over det ganske land og avslutta med 10 dagars konsert i Oslo der dei like godt framførte alle sine 240 utgjevne låtar live!
 
Sidan sommaren 2016 har bandet gjeve ut tre album. «Peiling på seiling» og «La oss bli fri for all nostalgi» vart begge mottekne med strålande kritikkar. Fredag 8. desember 2017 kom det ut ei liveplate saman med KORK etter to konsertar laurdag 19. august frå Frognerseteren i Oslo. NRK TV gjorde også opptak av denne konserten og den vart sendt på NRK første gong 25/4-2018.


deLillos er:
Lars Lillo-Stenberg
Lars Lundevall
Lars Beckstrøm
Øystein Paasche

Billettar til deLillos

  1. Ons 5. des kl 20:00 485 kr   Storsalen Konsert Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_