Egil Svartdahl – Tro, håp og kjærlighet

Det er med stor glede forsamlingane Salem, Sion og Kristent Fellesskap på Bømlo inviterer til storsamling i Bømlo Kulturhus. Me vil invitera heile Bømlo og Sunnhordland til Kulturhuset denne helga.

Dei fleste kjenner tv-pastoren Egil Svartdahl frå mange ulike program i TV2 gjennom mange år. "Reisen hjem" har dei siste åra gitt oss trushistoriar frå kjende personar i Noreg.

Denne helga vil Egil møte oss med temaet "Tro, håp og kjærlighet". Samlingane vil ta opp; det å tru på noko som er større enn seg sjølv, det å kunne leva i eit håp om "noko", og ikkje minst kor viktig kjærleik er mellom oss menneske. Innhaldet i samlingane vil vera varierande, engasjerande og berikande.

Fredagen blir det "Endeleg fredag", der Bømlo Gospel blir med. Du blir møtt av mykje song og musikk, og ein engasjert Svartdahl.

Laurdag blir det "Søtt og salt, litt for einkvar smak". Det siste året har fleire og fleire besøkt Søtt og Salt-samlingane på Moster. Å møta naboar og vener i avslappande og trivelege omgjevnadar ein laurdagskveld, er kjekt. Søtt og Salt får denne gongen besøk av Arvid Pettersen, som er ein kjend kristen songar frå Skien.

Søndag blir det "Søndagssamling". Smått og stort, alle blir inviterte til ei felles storsamling søndags ettermiddagen. Ulike gjester deltar.

Velkommen til Bømlo Kulturhus og samlingar med Egil Svartdahl.

GRATIS INNGANG (ved døra)

NB: Du kan tinga plass til alle desse arrangementa på førehand på Kulturhuset sine nettsider. Ei slik tinging medfører eit mindre gebyr. 

_
_
_