Ein kveld med Tore Renberg og Hillevågsgjengen

Etter braksuksessen med «Tollak til Ingeborg», løsnar Stavanger-forfatteren handbrekket for eit etterlengta nytt bind i Teksas-serien.

I dette originale universet overrumplar Tore Renberg med empatisk, humoristisk og freidig penn idet han geleidar oss inn i Stavanger sine skyggesider. Publikum veit at å sjå Tore Renberg live er ei oppleving ganske utanom det vanlege- her vert opplesing, standup og musikk blanda i ein særeigen form kor både latter, etttertenksomhet og tårer får sin plass. Velkommen til ein annleis kveld med Renberg sin Tekstbehandlingstrio.


Gitar: Alexander Flotve
Tangenter: Anders Brunvær Hauge


Om forfattaren: Tore Renberg (f. 1972) er ein eineståande forfattar i norsk litteratur. Han har eit uvanleg litterært spenn og har gitt ut ei rekke bøker som både er kritikerfavorittar og som har blitt folkelesning; som romanane om Jarle Klepp, Du er så lys (2016) og Tollak til Ingeborg (2020), og ikkje minst den sjangeroverskridande Teksas-serien. Renberg debuterte i 1995 med Sovande floke, som han mottok Tarjei Vesaas`debutantpris for. Han har mottatt Bokhandlarprisen to gongar, P2-lytternes romanpris, Nynorsk Litteraturpris og har lesarar i 18 land.


 

Billettar til Ein kveld med Tore Renberg og Hillevågsgjengen

  1. Fre 26. nov kl 20:00 Storsalen Konsert Litteratur Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_