Folk på Bømlo gjer ein forskjell

Velkommen til ein inspirasjonskveld for alle engasjerte og uengasjerte i Bømlo kommune. Her kan du la deg inspirera til gode samarbeid, ta laget ditt med på ei lita "team-building" og møta andre som vil la seg inspirera.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Foredrag - Folk på Bømlo gjer en forskjell.

Eit underhaldande og lærerikt foredrag som tek føre seg dei viktige elementa i kva som gjer relasjonar og godt samarbeid mogeleg. Med fagleg tyngde og humor tek Bianca og Espen fag, teori, praksis og eigne erfaringar inn i tema som: kommunikasjon, relasjonell leiing, arbeidsglede, sjølvleiing, sjølvkjensle og mot.

Som tilhøyrar vil du sitta att med eit godt verktøy for korleis ein kan få til gode samarbeid. 

 Om føredragshaldarane:

Bianca og Espen Simonsen frå firmaet Gjør en forskjell AS har dei siste åra halde utallege kurs og føredrag for fagmiljø og vore med på seminar og konferansar i heile landet. Samtidig har fleire tusen norske par delteke på kommunikasjonskurset deira, som dei blant anna held for tilsette i Forsvaret.

Paret er og kjent for det norske folk gjennom podcasten «Snakk Om!» og sine to bestselgande bøker som totalt er selt i over 50 000 eksemplar. To bøker der ein ser på krise, kjærleik, glede og sorg gjennom valg, tilstedeværelse og takksemd.

Les meir om paret på deira nettsider her: www.gjorenforskjell.no

 

Folk på Bømlo

Foredraget er eit kick-off til Folk på Bømlo, som går av stabelen 26. mai, og som er eit kjempeløft av butikkhavarar, sponsorar, kommune og engasjerte lag og organisasjonar som skal stå på stand. Vil ditt lag vere med på Folk på Bømlo dagen? - sjekk denne facebooksida for meir informasjon

 

Inspirasjonsdagen er ei gåve frå Bømlo kommune. 

 

_
_
_