Gjøkeredet – Bømlo Teater

Gjøkeredet er kanskje mest kjend gjennom filmen frå 1975 med Jack Nicholson i hovudrolla.

Dramaet byggjer på Ken Kesey sin berømte roman frå sekstitalet og den grav alvorlege og samtidig humoristiske handlinga føregår på ei avdeling for psykisk sjuke. Den brutale pasienten R.P. Murphy gjer opprør mot systemet - personifisert av den intelligente, systemtru og viljesterke avdelingsleiar Rakel.

Bømlo Teater vil fortelja historia om folk, når me har det som verst, om skam og botnlause nederlag, om samhald og kameratskap. Å vera vekke så alt for lenge – og kanskje finne trua på å ein gong koma tilbake. 

Kom å sjå dette stykket som er fullt av mykje herleg humor, av varme og sterke historier. Me ynskjer alle hjarteleg velkommen til ein flott kveld i Bømlo kulturhus!

På scena: Per Arne Moldøen, Ingrid Leithaug Mjanger, Geir Ersland, Jane Vika, Vegard Eidet Hansen, Rannveig Steinsbø, Frode Steinsland, Karoline Steinsvåg, Dag Bøthun, Janne Gilje Røsland, Marianne Grønnevik, Martin Vika, Ann Kristin Fostervoll, Ole Kristian Grindheim, Eirin Nordvik og Mathilde Wiik.

Stykket har nokre sterke scener, og er anbefalt for eit vakse publikum.

_
_
_