3

Haustutstillinga: «Momentum» av Marie Storaas

Momentum i haustferien

Me kjem frå ein relasjon, me knyter relasjonar, me er avhengig av relasjonar, me bygger relasjoner. Mennesket si tilknyting til andre bidreg til å bygge mennesket sin identitet og til sjuande og sist kan ein seie at alt handlar om relasjonar. Denne tematikken er sentral når eg arbeider med mine maleri.

Dette seier Marie Storaas sjølv om kunsten sin. Ho er Bømlo kunstlag sin haustutstillar. Utstillinga Momentum opnar laurdag 6. oktober.

Storaas er fødd i 1981 og bur og arbeider i Bergen. Ho har ein mastergrad i kunst frå Kunsthøgskolen i Bergen og har delteke på ei rekke utstillingar i Bergen og på Vestlandet. Under årets Vossajazz var ho festivalutstillar.

I Bømlo kulturhus vil Storaas stilla ut ei rekke maleri og ein videoinstallasjon. Arbeida hennar rører seg mellom det konkrete og det abstrakte, det romlege og det skulpturelle. Uttrykket er sansbart og består av taktile flater som har eit materielt språk.

Utstillinga heng heile haustferien. Velkommen!

_
_
_