I blanke messingen

Gle deg til ein løyen og skremmande aktuell komedie med våre eigne kvardagsheltar i hovudrollene.

«I blanke messingen» handlar om seks fabrikkarbeidarar som har mista jobben grunna kutt i bemanninga på stålfabrikken dei jobba på. Dette gjer sitt til tap av status, sjølvkjensle og økonomiske utfordringar. I tillegg slit kvar og ein av dei på heimebane og med livet generelt. 

Det ser ganske svart ut for heile gjengen, heilt til ein av dei får ein idé. Me er i Sheffield ein gong på nittitalet. Det er grått, det er småkaldt, det er deprimerande. Men det er håp! 

Stykket er Kompani Andersen si første oppsetjing. Kompani Andersen er eit prosjektbasert scenekunstkompani, som har som mål og vera eit slags interkommunalt samfunnsprosjekt. 

Me ønskjer å vera eit tilbod til alle som likar å driva med scenekunst i stort eller smått format. Eit slikt kompani kor dørterskelen er lav og takhøgda over gjennomsnittet. Me begynner kanskje ikkje med det lettaste stykket – men definitivt eitt av dei kjekkaste. Med i Kompani et har me dyktige folk mellom anna frå Stord, Bømlo, Korgen, Litauen, Bergen og Karibien.

Dette vert ein fest av ei førestelling som inviterer deg med på ein berg- og dalbane av følelsar, musikk som du vert glad av og sprudlande flinke folk i sitt rette element. 

Regi/koreografi: Hilde Hoff Andersen
Musikalsk leiar: Hans-Gunnar Skreslett
Scenografi: Janne Robberstad 

Billettar til I blanke messingen

  1. Fre 7. feb kl 19:30 350 kr   Storsalen Teater Kjøp
  2. Lau 8. feb kl 19:30 350 kr   Storsalen Teater Kjøp
  3. Fre 14. feb kl 19:30 350 kr   Storsalen Teater Kjøp
  4. Lau 15. feb kl 19:30 350 kr   Storsalen Teater Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_