«I manns minne» 2018

Bømlo kommune og Bømlo kulturhus presenterer den årlege kulturdagen for eldre

Me stolte og glade av å kunna presentera teaterstykket «Sviker – historien om en frontsøster». Med bømlingen Nina Sele i hovudrolla har dette stykket vorte svært godt motteke, og fått ros for å behandla dette vanskelege emnet på ein vâr og fin måte.

Astrid har heile livet bore på ein mørk løyndom: Ho vart dømd for landssvik for si gjerning som sjukepleiar for Tysk Røde Kors under 2. verdskrigen. Oppgjerets time er komen. Kvifor har ho ikkje sagt noko?

Les meir her (Stykket vert også sett opp på kveldstid denne dagen.)

HAAKON STEINAR VATLE har med sin energi og sjarm gjeve shanty-songane ein ny renessanse. Sjømannsviser og arbeidssongar frå seglskutetida framfører han med stor bravour, og det er gode sjansar for at han dreg publikum med seg i ein allsong. Haakon er dessutan dagleg leiar for drifta av Statsraad Lehmkuhl, og han fortel oss om den stolte skuta.

MATEN er viktig. Bømlo kulturhus og Bømlo kommune ynskjer at kulturdagen skal samla flest mogleg av seniorane i kommunen vår. Arrangementet skal også vera ein god sosial treffstad. Difor er det, i år som tidlegare, ein lang pause til mat og prat, og lapskaus, kaffi og kringle er inkludert i billettprisen.

 

Om publikum har spørsmål, ta gjerne kontakt med kulturhuset på tlf. 53 42 35 00.

 

 

_
_
_