«I manns minne» 2019

Vel møtt til ei ny utgåve av «I manns minne» – kulturdagen for eldre.

Nytt i år er at fyrste delen av dagen vert sett av til «fagtema». Innhaldet er ikkje klart enno, men skal utarbeidast av kommunen, Pensjonistforbundet og Eldrerådet saman. 

Så vert det pause med lunsj, og deretter er me klare for underhaldning frå scena. 

Me er glade for å kunngjera at vår alles kjære Elisabeth Andreassen aka Bettan kjem til «I manns minne» 14. oktober. Ho opptrer saman med sin pianist, som også er vår lokale kantor, nemleg Øystein Lund Olafsen.

Billettane kostar 200 kroner, og inkluderer mat. 

Program for dagen: 

09:45 Dørene opnar og Seniordansarane lagar stemning frå scena

10:00 Opning v/rådmann Geir E. Aga

Tema: Eldrereforma "Leve heile livet"

Tema: Velferdsteknologi

Tema: Tenestekontoret i Bømlo kommune - om korleis ein jobbar med å handsama søknader og tilpasse tenester

12:00 Matøkt: Lapskaus, kaker og kaffi - og ein god drøs

13:00 Kulturelt innslag v/Bømlo kulturskule

Allsong leia av Kantor Øystein Lund Olafsen og forsongarar

Elisabeth Andreassen m/ Øystein Lund Olafsen og Kling

14:45 Takkehelsingar

15:00 Vel heim!

Billettar til «I manns minne» 2019

  1. Mån 14. okt kl 10:00 200 kr   Storsalen Føredrag Show Konsert Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_