Jul i svingen

Endeleg skal me få spela teater igjen!


3.–6. desember vil Bømlo Teater vise framsyninga «Jul i svingen» i Bømlo kulturhus.


Her vil me møte Linus, dei andre barna i Svingen og foreldra deira, som er kjente og kjære figurar frå julekalenderen på NRK. Framsyninga er bygd på Kjetil Indregard sitt manus og med Odd Nordstoga sin fantastiske musikk.


20 skodespelarar frå Bømlo Teater gler seg stort til å skapa god førjulshygge for heile familien i kulturhuset fyrste helga i desember. 


Grunna smittevernsreglar er det ei avgrensing på plassar for publikum, maks. 200, så det er best å vera tidleg ute. Me oppmodar til at fleire i same familie/gruppe kjøper billettar saman så salen kan nyttast på best mogleg måte.


Ynskjer alle hjarteleg velkommen til Jul i Svingen! 

Billettar til Jul i svingen

  1. Tor 3. des kl 17:30 Storsalen Teater Familie Kjøp
  2. Fre 4. des kl 17:30 Storsalen Teater Familie Kjøp
  3. Lau 5. des kl 13:00 Storsalen Teater Familie Kjøp
  4. Lau 5. des kl 15:30 Storsalen Teater Familie Kjøp
  5. Søn 6. des kl 15:30 Storsalen Teater Familie Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_