Julerosekveld med Herborg Kråkevik og gjestar

Herborg Kråkevik legg ut på storslått Julerose-turné med Linda Eide, Vigdis Hjorth, Mathias Eick og Julerosekvintetten!

Herborg Kråkevik tek i år med seg musikken og suksesskonseptet Juleroser til nokre utvalde scener rundt om i landet. På turneen har ho med seg forfattaren Vigdis Hjorth, journalist og humorist Linda Eide og trompetvirtuos Mathias Eick. I tillegg til ny og tradisjonell julemusikk, vil desse eminente formidlarane gje publikum forteljingar, dikt og humoristiske høgdepunkt frå Juleroser-heftene. Det blir adventstemning, julelatter- og tristesser, klassiske juleforteljingar og heilt rykande ferske tekstar om kvarandre. Med seg har Herborg også Julerosekvintetten, pianist Helge Lilletvedt og kvar stad får dei selskap av lokale barnekor.


Dei siste åra har juleheftet Juleroser med redaktør Herborg Kråkevik blitt ein kjær del av julestemningen i mange heimar rundt om i landet. Jula 2020 kom albumet Juleroser med heilt nye julesongar signert mellom andre Aurora Aksnes, Odd Nordstoga og Anne Grete Preus, innspelt av Herborg og Bergens Filharmoniske Orkester. På albumet medverkar også Bjørn Eidsvåg, Fargespill, Trygve Skaug, Marianne Pentha, AURORA og Mathias Eick. 


I november 2021 kjem albumet «Barnas Juleroser» med julesongar og forteljingar som har stått på trykk i juleheftet med same namn som Herborg også er redaktør for. På albumet opptrer Herborg saman med Julerosekvintetten, Bolteløkka Jentekor, Bislett Guttekor og Kåre Conradi. 


– Dette skal bli ei juleforestilling som snakkar til alle krinkar og krokar av julehjarte vårt! Jul er følsomme greier, og litt kunst gjer alltid godt, om det no er musikk, litteratur eller biletkunst. Eg håpar de vil koma og oppleva Juleroser frå scenen. Me skal gjera alt me kan for å underhalda og røra dykk og forhåpentlig gje alle litt fred i førjulsinnet, sier Herborg. 

Billettar til Julerosekveld med Herborg Kråkevik og gjestar

  1. Tor 16. des kl 19:00 Storsalen Konsert Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_