1

Musikal-konsert med Bømlo Janitsjar

Musikal-perler frå Bømlo Janitsjar med solistar

Fredag 9. november opnar Bømlo Janitsjar dørene for ein musikal-kveld av dei sjeldne.

Då håpar me å fylla storsalen i kulturhuset med gjester som ynskjer å drøyma seg tilbake til Moster Amfi. Sjå føre seg Jean Valjean og høyra dei taktfaste tonane frå den franske opprørssoldatane i historia om Les Miserables. Få gåsehud av dei vakre balladane frå Miss Saigon og frå Chess, vera litt hippie tilbake på 60-talet når musikarane dreg i gang ein medley frå Hair. Årets musikal, Evita, vil sjølvsagt også stå på programmet.

Men publikum vil også få musikalske glimt frå musikalar som ikkje har vore sette opp på Moster, men som også mange har eit forhold til. Me kjem ikkje utanom ABBA, og kven har ikkje sett Bør Børson jr på Støren bakeri? Og visste du at YNWA, Liverpool sin kjende supportersong er ein musikalsong?

Me har fått med oss Arne Kvarven, Steffen Sortland og Anita Myhre som songsolistar, og orkesteret vil få el.-basstøtte av Frode Kvandal.

Runa Våge Krukhaug vil losa oss trygt gjennom kvelden som konferansier.

Dirigent er Håvard Kroka.

Velkommen til musikalkonsert med Bømlo Janitsjar!

_
_
_