Riksteatret: Georgs magiske medisin

Passe rampete teater for hele familien. Også for bestemødre, hvis de tør!

Georg si bestemor er ikkje som andre søte og snille bestemødre. Ho er nifs og syt og klagar og knurrar og bråkar og blandar seg opp i alt mogleg. Georg vil gje henne ein lærepenge. Så når ho skal få medisinen sin, lagar han ein boblande, frådande, magisk medisin, som garantert vil senda henne gjennom taket…

Roald Dahl er ein forfattar i særklasse og har skapt ei verd av uuttømmeleg fantasi. Han var alltid på barna si side, og let aldri ein sjanse gå frå seg til å sparka dei som sparkast bør, dei maktsjuke, arrogante, autoritære og dømmande. Vaksne, sjølvsagt. Men først og fremst får han oss til å le. Og grøssa. Og verta litt skremde (i alle fall ei lita stund heilt til alt vert bra att). Og så le endå meir. Hans utrulege historier har gitt stoff til internasjonale storfilmar så vel som fargerike musikalar og fengjande barneførestellingar.

Når Riksteatret tek Georgs magiske medisin til scenen, engasjerer me regissør og dramatikar Morten Joachim, som også sette opp Doktor Proktors prompepulver. Han lovar ei førestelling med mykje musikk og magi, som involverer borna og tek ungar sin fantasi på alvor. Med Georgs magiske medisin skal han setja alt på hovudet og slå seg laus på borna sine vegne – heilt og fullt i Roald Dahl si ånd.


Pressa seier:

– En slem bestemor får medisin som fortjent i Riksteatrets lettfattelige og lekne fortelling om luringen Georg
VG (5)

– Sprell som gjør vel
Dagbladet (5)

– Høstens morsomste medisin
Aftenposten (5)

– En veldig god forestilling
NRK

– Ungane klukkler omkring meg (…) dei vaksne ler (…) kan treffe tre generasjonar
Klassekampen

– En fest for barna
Vårt Land


Passar for born frå 5 år.

På scenen
Ellen Andreassen, Ulla Marie Broch, Espen Mauno, Kristian Winther og Andreas Bratlie.

Team
Dramatiker, regissør: Morten Joachim. Kostymedesigner, scenograf: Gjermund Andresen. Lysdesigner: Øystein Heitmann. Komponist: Gunnar Eiriksson. Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Framsyningslengd: 2 timar (inkludert pause)

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater og Haugesund Teater

Billettar til Riksteatret: Georgs magiske medisin

  1. Mån 25. feb kl 18:00 Storsalen Teater Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_