2

Riksteatret: Karius og Baktus

Ikke gjør som mora di sier!

Gjer deg klar for besøk av to energiske små karar som tek innersvingen på både liten og stor. Riksteatret viser den ”originale” Karius og Baktus – tru mot Thorbjørn Egners historie og garantert godt barneteater.

Thorbjørn Egners barneklassikar er ein del av vår moderne kulturarv, og historia om dei to rampete tanntrolla lever i beste velgåande. Forteljinga dukka opp i 1946, til fryd for mange, og til skrekk og advarsel for dei som slurva med tannpussen. Skremselspropaganda eller ei, Karius og Baktus har i over 70 år vist at den har livets rett, ikkje minst takka vere Thorbjørn Egners rike bokillustrasjonar, NRK-høyrespel og Ivo Caprino sin velkjende dokkefilm.

"En forestilling hvor alle de yngste får gjenkjennelsen, og vi voksne underholdes"
VG (terningkast 5)

Gap opp!


Passar for born frå 3 år.

På scenen
Christine Stoesen, Linda Tørklep og Jan Huse

Team
Regissør: Arne Lindtner Næss. Scenograf: Einar Dahl. Dukkedesigner: Christine Stoesen. Komponist: Christian Hartmann. Produsent: Emnet Kebreab

Lengd på framsyninga: 35 minuttar (ingen pause)

Produsert av Riksteatret. Forlag: Songbird

_
_
_