Riksteatret: Mio, min Mio (2022)

Astrid Lindgrens eventyrlege klassikar

«Mio, min Mio» er historia om den foreldrelause guten som blir prins Mio. Ei storslått og vakker forteljing om sakn og einsemd, venskap og ondskap og det sterke bandet mellom barn og foreldre. 


Bo Vilhelm Olson bur hos fosterforeldre som meinar det var ei ulukke å få han i hus. Ein dag han sit åleine på ein benk, skjer det noko merkeleg. Han blir ført til Landet i det Fjerne. Der ventar hans far Kongen, som har lengta etter han sidan han blei fødd. 


Denne vakre framsyninga i Hilde Brinchmanns regi blei kåra til «Årets beste barneforestilling», Heddaprisen 2019. Med Riksteatret får barn og vaksne over heile landet oppleva teatereventyret der dei sjølv bur. 



Aldersgrense: 6 år. Begrensa antall plassar, så ver tidleg ute med å sikra deg billett. 



"En fantastisk opplevelse"
Romsdals Budstikke (6) 

"Magiske, mytiske Mio"
Sunnmørsposten (5) 

"Det er ikke få voksne som har kommet hulkende ut fra denne sterke barneforestillingen."
Hedda-juryens begrunnelse 



Team
Regissør: Hilde Brinchmann, Scenograf: Paul Sebastian Garbers, Kostymedesigner: Helena Andersson, Komponist og lyddesigner: Eirik Myhr, Lysdesigner: Jonas P A Fuglseth og Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen


Av Astrid Lindgren. I Hilde Brinchmanns dramatisering. 


Forlag: Nordiska A.p.S - København


Framsyningslengde: 1 time 10 minuttar (ingen pause).


Nypremiere: Oslo / Nydalen 3. mar 2022 
Turnépremiere: Tynset 9. mar 2022


Produsert av Teatret Vårt i samarbeid med Nordland Teater. Produsert for turné av Riksteatret.

Billettar til Riksteatret: Mio, min Mio (2022)

  1. Tys 30. aug kl 18:00 Storsalen Teater Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_