Riksteatret: Tante Ulrikkes vei

Suksessboka er blitt teater med Det Norske Teatret og skal på turné med Riksteatret!

Det er Noreg på 2000-talet. To gutar veks opp i eit fleirkulturelt miljø i Tante Ulrikkes vei. Foreldra hadde eit håp. Sjølv står dei midt i brytinga mellom drabantbyen og storsamfunnet, mellom vaskehallen og studentkantina, karakterar og keef. 

Med Tante Ulrikkes vei vann Zeshan Shakar Tarjei Vesaas’ debutantpris for boka som no har runda eit opplag på oppsiktsvekkande 150 000 eksemplar. Teaterframsyninga er så langt sett av 15 000 på Det Norske Teatret. No får Tante Ulrikkes vei eit nytt liv på turné med Riksteatret.

Shakar gir oss eit sjeldan innblikk i kva som rører seg i to unge gutar som kjem frå ulike heimar. Om deira kamp for å komme seg opp og fram og få eit betre liv. Det handlar om kjærleik, ungdomsliv og det å prøve å forstå storsamfunnet. Og det handlar ikkje minst om klasse og den politiske og politisk korrekte eliten si blindsone. – Det er eit stykke norsk historie frå 2000-talet, har Zeshan Shakar uttalt om romanen.

Med Tante Ulrikkes vei har ei historie frå ein drabantby i Oslo blitt til ei historie som angår oss alle, uansett kor i landet vi bur. Riksteatret er glade for at vi får lov til å bringe Det Norske Teatrets sceneversjon ut på turné til heile landet.

«Bøtter av sjarm (…) Viktig teater» – Dagbladet (5)

«En sjeldent vesentlig teaterfortelling om tiden vi lever i» – Dagsavisen (5)

«Kraftpakke» – bok365.no (5)

«Sårt, sant og svingende» – Aftenposten

Med Gaute Adela Aastorp Cudjoe, Ragnhild Meling Enoksen, Thomas Bipin Olsen.

Av Zeshan Shakar. Omarbiedd for scenen av Carl Morten Amundsen og Victoria Meirik. Regissør: Victoria Meirik. Scenograf og kostymedesignar: Unni Walstad. Lysdesignar: Gyril Høgberg. Dramaturg: Carl Morten Amundsen. Produsert av Det Norske Teatret. På turné med Riksteatret.

Billettar til Riksteatret: Tante Ulrikkes vei

  1. Tor 16. apr kl 19:00 410/215 kr   Storsalen Teater Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_