Riksteatret: Tobias og dagen det smalt

«Årets beste barneframsyning» på turné med Riksteatret



Riksteatret tar den prisvinnande og kritikarroste barneframsyninga «Tobias og dagen det smalt» på turné. Framsyninga blei kåra til årets beste framsyning for barn og fekk Heddaprisen i 2018.  «En forestilling med god plass til både alvor og humor» skreiv pressa mellom anna.


«Tobias og dagen det smalt» handlar om å stole på og tru på seg sjølv - og vissheita om at alle barn er like mykje verdt.  Det handlar også om vennskap og trua på at vennane dine vil deg det beste.  Gjennom fantasi og verkelegheit rører framsyninga ved tema som at det er mange måtar å vere menneske på.  Og at det kan vere litt trøblete når korleis ein ser ut utanpå og korleis inn føler seg inne i seg sjølv, ikkje heilt passar saman.


«Tobias og dagen det smalt» er ei modig, liten teaterframsyning som passar for barn frå 6 år.



PRESSA SKRIV


«Flott teater for barn, og som også tåler godt de voksnes øyne og ører (…) Ei forestilling med god plass til både alvor og humor»
ITromsø, 5


«En rikholdig, formbevisst, opplevelsesfortelling med mange lag»
Dagbladet, 5


«Åpen, undrende, leken og mangfoldig»
Nordlys, 5


«Det blir aldri for enkelt, aldri for vanskelig. Det er et viktig tema, et tema i tiden, som formidles med kløkt, paralleller og masse barnslig gøy.»
NRK



Speletid: 45 minutt (ingen pause).


Turnépremiere i Kolvereid 8. april 2021
På turné med Riksteatret våren 2021


På scenen Jonas Delerud, Sebastian Legaard Engeland, Per-Theodor Paulsen, Alexander Rindestu, Tonje Dreyer Sellevoll og Kristine Myhre Tunheim.


Av Jenny Svensson. Regissør Morten Røsrud. Scenograf og kostymedesignar Mari Hoel Lotherington. Komponist og lydprodusent Aggie Peterson. Lyddesignar Andreas Wangsbro. Lysdesignar Øystein Heitmann. Dramaturg Lina Synnøve Killingdalen. Idé og prosjektleiar Kristine Myhre Tunheim. Originalt produsert av Rimfrost i samarbeid med Hålogaland Teater. Urpremieren var på Hålogaland Teater 23. november 2017. Produsert for turné i 2021 av Riksteatret. Produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen.



Billettar til Riksteatret: Tobias og dagen det smalt

  1. Søn 2. mai kl 18:00 Storsalen Teater Barn Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_