Riksteatret: Verdens nest kuleste forestilling

Så bra at du aldri treng å gå på teater igjen!

Drøymer du om å sjå ei teaterforestilling om det aller kulaste du veit, eller få vera med på å bestemma kva verdas beste forestilling skal handla om? Då må du ta turen til kulturhuset! «Verdens nest kuleste forestilling» er fredagskveld OG lørdagskveld OG bursdag på ein gong! 


Det Andre Teatret har markert seg som eitt av dei mest leikne og innovative teatera me har i landet, med nokre av dei mest morosame aktørane på scenen. No legg dei ut på vegen saman med Riksteatret. I samarbeid med publikum skal dei laga verdas beste impro-show for heile familien, der små og store får vera med på å bestemma kva som skal skje. Når barna får bestemma kan alt skje! 


Ei underholdningsbombe for heile familien – med barn frå 5 år. 


--


På scenen
Cathrine Frost Andersen, Ellen Bendu, Mats Eldøen, Kristine Grændsen, Mats Holm, Deniz Kaya, Veslemøy Mørkrid, Mari O. Thingelstad og Olli Wermskog


Team
Regissør: Tony Totino, Scenograf: Monica Valsø, Kostymedesigner: Jenny Bernson, Lyddesigner, Lysdesigner: Henrik Stoltz Vernegg, Kunstnerisk ansvarlig ved Det Andre Teatret: Mats Eldøen, Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen og Koordinator DAT: Silvia Rodriguez Gimenez


Lengde: 1 time (ingen pause)


Premiere: Oslo / Nydalen 1. okt 2020


Turnépremiere: Jessheim 5. okt 2020


Produsert av Riksteatret i samarbeid med Det Andre Teatret

Billettar til Riksteatret: Verdens nest kuleste forestilling

  1. Tor 29. okt kl 18:00 Storsalen Teater Barn Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_