Silje Nergaard og Espen Berg

Silje har starta eit spanande samarbeid med den fremadstormande jazzpianisten Espen Berg frå Hamar. Espen fekk Noregs største musikkpris under Moldejazz i 2016, og reknast som ein pianist i verdsklasse.

Silje har reist rundt i verda med sine eigne songar i flere tiår, og hennar songar vert stadig covra internasjonalt. Hennar album «At First Light» er Noregs mestselgjande jazzalbum gjennom tidene. 

Duoen har plukka songar frå Silje sin store musikkatalog og gjer ein «best of»-konsert med vakre versjonar av hennar mest kjende songar, m.a. Be Still My Heart, The Waltz, Japanese Blue og Tell Me Where You’re Going. Dei overraskar også med sine heilt eigne tolkingar av kjende klassikarar. 

Silje og Espen inviterer til ei nær, intim og eksklusiv konsertoppleving – stundom også med publikum oppe på scenen – og dei tek lyttarane med inn i dei personlege historiene bak songane. Espen sitt utsøkte og dynamiske pianospel får verkeleg Silje si vakre og eigenarta stemme til å skina. Duoen gjev deg ei konsertoppleving som er rein medisin for øyrer, hjarte og sjel.

Billettar til Silje Nergaard og Espen Berg

  1. Lau 7. mar kl 19:00 430 kr   Storsalen Konsert Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_