Sommarutstillinga: Åse Ljones

Mjuke forteljingar — Tekstilkunstnar Åse Ljones er Bømlo kunstlag sin sommarutstillar. Sting for sting fortel ho historier som me kan oppleva i kulturhuset i sommar. Opning er 28. juni.

Åse Ljones er utdanna ved Bergen Kunsthandverkskule med hovudfag tekstil. Ho har arbeidd med tekstil i ulike materiale og uttrykk. No er det broderi for hand som er med å skapar bilete og store teppe. Tida, ljoset og nærleiken til naturen er med å forma det ferdige uttrykket. Tolmod og styrke er nokre av eigenskapane som kjenneteiknar tekstilkunstnaren, Eigenskapar ho kanskje har med seg frå oppveksten i Strandebarm? Ho har lete seg inspirera av mellom anna sterke kvinner frå denne tida. Nokre av arbeida hennar ber på forteljingane deira, møysommeleg fortalt sting for sting, tråd for tråd – ein møysommeleg prosess. Natur, lys og årstider har påvirka arbeidet til Ljones – og det er mykje Hardanger å spore i tonesetjinga hennar. ”Åse søkjer sjelefred og kontemplasjon, ho vil grava seg ned i sitt eige for å henta noko ut, noko personleg ho kan allmenngjera og dela med andre, ho vil vera i den fredsame broderinga si og fortelja om verdiane i dei små menneska sine nære, kvardagslege historiar. Ho vil syna fram dei blyge skogblomane, minnast dei bortfarne og usynlege kvinnene, vera gamaldags på ein nyskapande måte. Det er ein trass der, eit blikk for manglar i samtida, ein protest mot den forbrukande og oppskrudde tidsånda, ei sakte klipping og sying i kontrast til liberalisme og finansprofitt” heiter det i katalogen for utstillinga hennar i Kabuso i 2014.

Til Bømlo kulturhus har Ljones med seg store tepper og nokre bilete som er spent opp på rammer, alt er handbrodering på lin.

Åse Ljones har ei rekke gruppeutstillingar bak seg dei siste åra, mellom anna i KODE II i Bergen, og i Brown Grotta Art, Connecticut, USA. Separatutstillingar har ho hatt i Risør kunstpark, Nationaltheatret, Oslo, Kabuso, Galleri Giga, Sørlandets kunstmuseum og Konstens Hus Luleå, Sverige for å nemna nokre. Eksempler på utstmykkingsoppdrag: Solli DPS, Bergen, Stord Hotell, Høgskulen Stord Haugesund og Den norske ambassade i Kathmandu i Nepal. Ho er også innkjøpt av m.a. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Oslo, Kunstindustrimuseet i Trondheim og Sørlandets Kunstmuseum. 

Hennar aller siste utsmykkingsoppdrag kan du sjølv oppleva – på nye Bremnes ungdomsskule!

_
_
_